Løypemøte på Ofte i 1866
 
På Ofte i Høydalsmo vart det ein februardag i 1866 arrangert eit skirenn, eller løypemøte som dei kalla det i eldre tider.
Det var dr. Andreas Bakke i Lårdal som fekk i stand dette skirennet. Ordføraren i Lårdal på den tid, Nils Lauritz Wiborg, og sakførar M. R. Florentz frå Kviteseid, var domerar saman med Bakke. 
 
Dette skal være det fyrste organiserte skirenn som er arrangert.
 
Vi kjenner og navnet på nokre av dei som deltok i tevlinga og kan nevne: Sondre Nordheim frå Morgedal, Øystein Lid og Halvor Torkjellson Ofte frå Høydalsmo og Ådne Guldkop frå Lårdal.
 
Dette løypemøte på Ofte i Høydalsmo var ein på førehand planlagt konkurranse. Det var deltakerar frå fleire bygder, og dei beste fekk premie.
Vi ser, eller i alle fall skimtar, omrisset av den form idrottstevlingar på ski har i våre dagar.
 
I 1966 vart det vart feira 100 årsjubileum for løypemøte. Skirennet frå 1866 vart rekonstruert i samme bakke og Høydalsmo vart sett 100 år tilbake i tid. I samband med jubileet vart det i Høydalsmo reist ein minnestein over løypemøte i 1866.
 

Send e-post til post@hoydalsmo.no med spørsmål til Web-området. Webmaster Thor Arne Heggtveit.

Copyright © 2004-2005 Høydalsmo Idrottslag.  Sist endra: 19.03.06 18:46